Skakkeaure Varmrøykt per kg

Skakke røykeri

748,00 kr

Skakkelaks og Skakkeaure

Skakkelaks og Skakkeaure er handmassert med Erling Skakke konjakk, salt og sukker, og røykt på ferske einer. Vår saltemetode gjer at saltet går lettare inn i fisken, trekker ut vatn og gir den passeleg med saltsmak, konservering og rund smak som harmonerer i undertonar. Etter marineringsprosessen blir fiskane skylt med iskaldt vatn og tørka for hand, før de blir plasserte på rister og sett til videre tørking i eit døgn til.

Så blir fiskane røykt i oreved, fersk einer og bøkespon, før de igjen blir sett til kvile og tørking. Etter ca. eit døgn blir den på ny røykt med kun fersk einer, og deretter tørka og modna, før den blir pakka og er klar for butikkane. Me brukar kun dei ytterste skota på eineren som er proppfulle av fersk sødme og aroma og du får eit preg av vill natur i smaken. Heile prosessen her er veldig vêravhengig. Har me høgtrykk, lågtrykk, høg fuktighet, låg fuktighet, vindstille, masse vind, sommar, vinter osv., uansett må ein følgja med og kunna snu om på tider og døgn, for å få fram det beste resultatet. Det blir brukt ca 1,4 kg råstoff for å få 1 kg. ferdig produkt.

Skakkelaks og Skakkeaure har ein jamn og god farge frå ytterst til innerst i kjøtet, fyldig, men ikkje dominerande smak av røyk, salt og fisk. Smaken skal komma litt etter at du har fått den på tunga, og så skal den ha ein lang og god ettersmak. Konsistensen skal vera saftig men tørr og lik ytterst til innerst i kjøtet. Og ikkje minst skal den vera mør i kjøttet. Skakkelaks og Skakkeaure skal serverast temperert for å få smaken fram. Opplevinga av å eta Skakkelaks og Skakkeaure skal være heilt konge! Du skal veta at me har brukt de beste råvarene og foredla fisken på tradisjonsrik vis slik som vikingar hadde kunnskap om.

Skakkelaksen og Skakkeauren har fått mykje ros. Begge produkta er tildelt Spesialitets merker av stiftelsen Matmerk og Skakkeaure var finalist i Det norske måltid i 2018 og NM i 2019.

På lager

Produktnr: 103758 Kategorier: , , Stikkord:
Cookies settings
SKJÆVELAND GARDSUTSALG cookies-innstillinger
×
Varmrøykt Skakkeaure pr kg
Skakkeaure Varmrøykt per kg

På lager